fbpx Kurslitteratur og Leganto | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Kurslitteratur og Leganto

Kurslitteratur og Leganto

  • Kurslitteratur ved AHO blir redigert og blir publisert i Leganto.
  • Leganto er tilgjengeleg via Moodle.
  • Emneansvarlege/lærarar må vera knytt til emnet i FS for å få tilgang til å redigera pensum lister.
  •  Studentar må logga på med AHO Feide

Leganto for studentar

  • Tilgang til kurslitteratur får du gjennom kursrommet i Moodle eller ved å søkja på emnekode/kurstittel i Leganto.
  • For å få tilgang til opphavsrettsklarert materiale må du vera innlogga med AHO Feide.
  • Kursbøker har 1 vekes lånetid og fysiske bøker er merkte med kvit teip.

Tips

  • Logg på OpenVPN
  • Logg på "Off Campus Access" med AHO Feide
  • Utfordringar med Feide-pålogging?
  • Bruk ein nettlesar du vanlegvis ikkje bruker
  • Sjekk tilhøyrsel i Innsyn Feide

Leganto for lærarar/emneansvarlege

For å kunna redigera lister i Leganto må du vera kopla til kurset/emnet i Fagpersonweb (FS).
Studieadministrasjonen har ansvaret for koding av kurs i FS.
 
Lenkje til Leganto-listene blir importert til kursrommet i Moodle. Du kan bruka lenkja frå kursrommet i Moodle eller søkja opp kurs i Leganto (kurskode, tittel, lærar). Ferdigstilte lister blir sende til biblioteket for klargjering (innkjøp, rettsklarering og merking).
 
Dersom listene inneheld fleire bokkapittel og artiklar kan det ta opptil 14 dagar å avklara rettane i samsvar med Kopinor-avtalen. Rettane blir avklarte i Bolk og filene som skal leggjast ved kurset i Leganto skal vera merkt med ein tekst som avklarar bruken. AHO betaler for bruk utover dei 15% som er inkluderte i Kopinor-avtalen.