fbpx Sei kva du meiner om studieprogrammet ditt! | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Sei kva du meiner om studieprogrammet ditt!

Sei kva du meiner om studieprogrammet ditt!

Tysdag 24. oktober får alle 2.- og 5. årsstudentar ein e-post med invitasjon og lenkje til studentundersøkinga Studiebarometeret.

Studiebarometeret gir deg som student høvet til å påverka eige studieprogram. Resultata frå undersøkinga skal nyttast i arbeidet med å forbetra studiekvaliteten på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO).


Stemma di er viktig

Forvaltningsorganet NOKUT er avhengig av ein høg svarprosent frå studentar ved AHO for å kunna rapportera på resultata frå studieprogrammet til høgskulen. Derfor er stemma di viktig – bruk den! Det tek deg berre 10-12 minutt å svara på undersøkinga. Gjennomfør undersøkinga her.


Kva er Studiebarometeret?

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir utført av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Formålet med undersøkinga er å samla inn informasjon om studentars oppleving av studiekvalitet. Undersøkinga består mellom anna av spørsmål om forventningar, motivasjon, studie- og læringsmiljø og arbeidslivsrelevans.

Resultata blir publiserte i Studiebarometerets nettportal i februar 2024. Informasjonen du oppgir blir behandla konfidensielt, og det skal ikkje offentleggjerast data som gjer det mogleg å identifisera den som svarer. I nettportalen kan du sjå tidlegare resultat frå studieprogram over heile landet.