fbpx Åpen dag 2024 på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

En gruppe på seks får omvisning på AHO av en AHO-student

Åpen dag 2024 på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Kom og opplev AHO frå innsida torsdag 7. mars! Me opnar dørene for deg som er interessert i å studera arkitektur, design eller landskapsarkitektur.

Det blir utstilling av studentarbeidar frå alle studieprogram, informasjon om opptaksprøva, studiepresentasjonar, informasjonstorg og omvisningar på skulen og i verkstadene. Du får moglegheita til å prata med AHO-studentar, som meir enn gjerne delar frå studiekvardagen sin.

Program

Kl. 10.00–14.00: Utstillingar

Stad: I og utanfor Galleriet

Sjå studentprosjekt frå dei tre studieprogramma våre: arkitektur, design og landskapsarkitektur.
 

Kl. 10:00–14:00: Tips til opptaksprøva

Stad: Kantina

Møt studentar som gir tips og råd til opptaksprøva, og som deler erfaringar frå dei sjølv søkte studieplass på AHO.
 

Kl. 10.00–14.00: Opplev verkstadene!

Stad: I og utanfor verkstadene

Verkstadene på AHO er der prosjekta til studentane blir forvandla frå idé til verkelegheit. Få eit unikt innblikk i mangfaldet av moglegheitene som finst der.
 

Kl. 10.00–14.00: Studieinformasjon

Stad: Mellom biblioteket og kantina

Har du spørsmål om studieprogramma, søking eller opptak? Snakk med studierådgivarane våre om alt frå val av studium til studiekvardag.
 

Kl. 10.30–13.30: Omvisningar

Stad: Utanfor biblioteket og verkstaden

Få ei omvisning gjennom dei spennande verkstadene, unike klasseromma, det flotte biblioteket til skulen, med meir! Det startar ei ny omvisning kvar halvtime. Me har to startstader for omvisningane: utanfor biblioteket og utanfor verkstaden.

Starttider for omvisningane er kl. 10:30, 11:00, 11:30, 12:00, 12:30 og 13:00. Møt opp og bli med når neste runde startar!
 

Kl. 10.30–11.30: Presentasjonar

Stad: A2 Sverre Fehn og A3 Christian Norberg-Schulz

Lytt til lærarar fortelja om studieprogramma, studentar dela frå studiekvardagen og opptakskontoret fortelja om opptaksprøva.
 

Kl. 12.00: Bollar, kakao og kaffi

Stad: Ved hovudinngangen

Kantina byr på gratis bollar og kaffi!
 

Kl. 12.30–13.30: Presentasjonar

Stad: A2 Sverre Fehn og A3 Christian Norberg-Schulz

Lytt til lærarar fortelja om studieprogramma, studentar dela frå studiekvardagen og opptakskontoret fortelja om opptaksprøva.

Sjå etasjekart her for å orientera deg om kvar dei ulike aktivitetane finn stad.

Ikkje moglegheit til å delta?

Då kan me tipsa om Digital open dag torsdag 14. mars – eit alternativ for deg som ikkje kan delta på fysisk open dag. Det betyr at du, uavhengig av kvar du er, også får sjansen til å «besøkja» AHO!

Rigg deg til heime framfor skjermen for informasjon om opptaksprøva, eit gjensyn med studiepresentasjonane frå fysisk open dag, spørsmål og svar med AHO-studentar i Zoom, med meir!
Program:

Dato: 7 mars, 2024
Tid: 10:00 - 14:00

Sted: Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Adresse: Maridalsveien 29, 0175 Oslo

Me arrangerer også digital open dag torsdag 14. mars. Sjå programmet her.